Sabeisk
Utsjånad
![](https://cdn.statically.io/img/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/71/Panel_Almaqah_Louvre_DAO18.jpg/220px-Panel_Almaqah_Louvre_DAO18.jpg)
Sabeisk, òg kjend som himyarittisk, var eit semittisk språk innanfor språkgruppa gamle sørarabiske språk som vart talt av sabanarar i dagens Jemen, blant anna i oldtidsriket Saba (kjent frå Bibelen) frå rundt 900-talet f.Kr. og fram til 500-talet e.Kr. Det var nytta som eit skriftspråk av andre folk (sha‘bs) i oldtidens Jemen, det vil seia av hasjidittene, sirwahittene, humlanittene, ghaymanittene, himyarere, radmanittere og vidare.[1] Det var skrive med sørarabisk alfabet. Det er funne fleire tusen innskrifter på sabeisk.
Sørarabisk alfabet, som var eit alfabet med 29 bokstavar, vart nytta i Eritrea, Etiopia og Jemen på byrjinga av 700-talet f.Kr. på alle tre stadane, og utvikla seg seinare til ge'ez-skrifta.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Sabeisk» frå Wikipedia på bokmål, den 31. desember 2015.
- ↑ Korotayev, Andrey (1995): Ancient Yemen.