Hopp til innhald

Hovudperson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bjørn Bjørnson som Peer Gynt, hovudpersonen i Peer Gynt.

Hovudperson eller protagonist er den sentrale personen i eit litterært verk,[1][2] som ei bok eller ein film, den som handlinga i verket utspelar seg rundt. Ordet «protagonist» kjem frå gresk prôtos, ‘tidleg’ og agōnistḗs, ‘tevlar, kjempe’, ‘den fyrste tevlaren’ eller ‘den fyrste spelaren’.[3][4]

Antagonistrolla skal ha blitt innført i klassisk gresk teater av diktaren Thespis.[3] Med dette skal han ha skapt tragedien frå ein type drama som tidlegare berre bestod av dans og resitering.[5] Etter protagonisten fanst det gjerne også ein deuteragonist og ein tritagonist, med den nest viktigaste og den tredje viktigaste rolla. Antagonisten blei då spelt av tritagonisten, og deuteragonisten var den allierte eller elska til protagonisten.

Hovudpersonar i moderne populærkultur er vanlegvis drivne av ein god vilje og er heltar i forteljinga. Hovudpersonen er den personen som har ein antagonist, om det finst ein slik, som motstandar. Handlinga blir drive often framover av at hovudpersonen støyter på hinder av ulike slag, og antagonisten kan vera eit av dei. Det er hjå hovudpersonen at størstedelen av sympatien og identifikasjonen til lesaren eller tilskodaren er meint å liggja. Det er òg vanleg at hovudpersonen er den rollefiguren som blir utvikla mest i løpet av forteljinga, til dømes ved å gå frå gjerrig til gåvmild som Ebenezer Scrooge.

Eit verk kan ha fleire hovudpersonar. I Margaret Mitchell si bok Tatt av vinden er til dømes både Scarlett O'Hara og Rhett Butler hovudpersonar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «protagonist» (24. mai 2022) i Store norske leksikon, snl.no.
  2. Baldick, Chris (23. juli 2015). «protagonist» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-871544-3. 
  3. 3,0 3,1 Dennis Kennedy, red. (2010). «protagonist». he Companion to Theatre and Performance. : Oxford University Press (på engelsk) (Oxford University Press). ISBN 978-0-19-957419-3. 
  4. Hoad, T.F., red. (1. januar 2003). «protagonist» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-283098-2. 
  5. «Protagonist | Characterization, Conflict & Resolution | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 14. juli 2024