Houston County i Minnesota
Utsjånad
![](https://cdn.statically.io/img/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/f/f9/Hokah_MN_downtown_-_Apr_2015.png/220px-Hokah_MN_downtown_-_Apr_2015.png)
Houston County er eit fylke lengst søraust i den USA-amerikanske delstaten Minnesota. Flatevidda til fylket er på 1473 km². I kring 19 000 menneske bur i fylket. Fylkesadministrasjonen held til i småbyen Caledonia. Fylket grensar i aust til elva Mississippi, i sør til delstaten Iowa.
Fylket vart grunnlagt i 1854. Ved folketeljinga 2000 vart 43,1 % av ibuarane registrert som tyskætta, 29,6 % av norsk og 7,5 % av irsk ætt.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Houston County (Minnesota)» frå Wikipedia på engelsk, den 10. desember 2021.